Boudoir foto - Vassbrekko Foto - Øyvind Sæbø

Boudoir foto

Kunsten med boudoir fotografering er å få fram det sensuelle og sexy utan at det vert vulgært. Det vil som regel alltid visa ein del naken hud, men som oftast ikkje «alt». Dette er gjerne bilder som er tatt med tanke på å gje til sin partner, veldig ofte som morgongåve.

Når det gjeld akt foto er det ei heilt anna form for fotografering enn portrettbilder. Her er det snakk om å visa kroppen, eller delar av kroppen, på ein meir kunstnerisk måte. Ved akt foto er ein som regel heilt naken, men kan gjerne bruka enkle plagg eller sjal til å forsterka bilde.


Er dette noko for deg?

Du treng på ingen måte ha den «perfekte» kroppen frå framsida av alle dei store motemagasina. Det gjer ingen ting om du skygger for sola, har litt ekstra å ta i, eller merker frå livets gang. Av og til handlar det om å ta ein sjanse og gjera noko som ein normalt ikkje hadde gjort. Tenk om det vert heilt fantastiske bilder av deg? Ta gjerne kontakt med meg om det er noko du lurar på, eller om du vil ha ein samtale på førehand.


Før du kjem til fotoshoot

…kan det vera greitt at du unngår stramt undertøy i timane før. Veldig ofte vil du ha litt merker i huden etter undertøyet og dette tar seg ikkje bra ut på bilde. Ei stram dongeribukse kan og vera med på å laga slike merker, så tenk på kva du går med før fotografering. Du bør og bruka litt tid å søka på internett etter lignande bilder som du har lyst å ta. Søk på boudoir eller akt på internett så vil du finna mange ulike bilder. Dersom du kan senda meg nokre bildeforslag vert det sjølvsagt lettare for meg å ta dei bildene som du vil ha.


Kan du ta med deg typen/dama?

Nei! Din bedre halvdel skal vera igjen heima. Dersom det er avtalt på forhånd, kan du ta med ein venn eller veninne.

Når du kjem

…går me først gjennom dei ulike bildeforslaga dersom du har plukka deg ut nokon. Me har kanskje sendt litt e-postar med bildeforslag i forkant av fotograferinga og då er det greitt at me går gjennom og kjem med eventuelle forbehold. Så vert me enige om kva bilder me skal begynna med. Er du veldig nervøs når du kjem, så berre sei det. Me set alltid av god tid til denne fotograferinga, så me kjem ikkje til å stressa oss gjennom bildene.

Under fotograferinga

…er det viktig at me er så tydelig som me kan. Dersom du føler deg for ubekvem i situasjonen må du gje beskjed om dette, så tar me ein pause.

Etter fotograferinga

…kan me gå gjennom bildene ilag, eller du kan sjå gjennom bildene heima. Du får sjå gjennom bildene i etterkant via passordbeskytta galleri på nettsida mi og kan enkelt plukka ut dei bildene du vil ha.


Eg har naturlig no ikkje so mange bilder som eg kan visa av typen boudoir her på nettsida mi, men ta gjerne kontakt, so kan du få sjå litt bilder som eg har printa ut.


Powered by SmugMug Log In