Bryllupsfotografering - Vassbrekko Foto - Øyvind Sæbø

Her har eg samla litt informasjon om bryllupsfotografering. Les gjennom dei ulike punkta og ta gjerne kontakt om det er noko du lurar på.


Førebuande samtale

Eg har alltid ein samtale med brudeparet i forkant av fotograferinga. Her går me gjennom ulike ting som kor me skal ta bryllupsbildene, kven som skal vera med på dei, spesielle ønsker og andre ting som dukkar opp. Denne samtalen er vanlegvis 2-4 veker før bryllupet og me møtest der som de ønsker å ta bildene. Dersom det er ønskelig med ein samtale før ein bestemmer seg for fotograf, er dette også fullt mulig. Eventuelt via skype. Denne/desse samtalen/e er inkludert i prisen.


Bryllupsbildene (dei «offisielle»)

Eg kan ta bilder ute på lokasjon, eller i mitt studio på Myking. Eg likar meg best ute og syns det vert finare bilder ute enn i studio. Når me møtest til den førebuande samtalen, vil eg innom den eller dei plassane de har lyst å ta bilder. Dette er for at eg skal vita kor det er, og at eg kan finna best mulig ut kva type bilder de vil ha. Her er det opp til deko kor mange de vil ha med på bildene. Nokon tar bilder aleina (berre brudepar) mens andre har med forlovarar og kanskje foreldre. Barn er sjølvsagt med dersom brudeparet har det 🙂


Halvdagsfotografering

Dette er fotografering under vielsen og portrettbilder. Eg brukar å bevega meg ganske fritt rundt under vielsen for å få dei bildene som de vil ha. Alt frå brudgomen som ventar spent ilag med sin forlovar når brura kjem inn til ringane som kjem på og brudeparet er på veg ut igjen...

Det er veldig ofte fotografering etter vielsen/seremonien... Her tar eg og bilder og tar gjerne kontroll dersom brudeparet ønsker dette. Fotografering med foreldre, forlovarar, med barn osv...

Når me går vidare til portrettbildene er det veldig greit at forlovarane er med. Veldig ofte treng brura litt hjelp med kjolen under vegs.


Heildagsfotografering

Dette inkluderer fotografering frå vielsen til kakene er spretta ut på kvelden. Dersom det er ønskelig med bilder frå sminking/frisør/påkledning kan dette også ordnast. Eg har ikkje behov for å sitta med bordet under middagen, men eg vil gjerne ha tilgang på litt mat 🙂 Antall bilder er igjen litt vanskelig å setta eit tal på, men eg leverer med dei fleste bilder. Det som blir plukka vekk er gjerne duplikater, uskarpe bilder og lignande.


Bilderedigering og etterarbeid

Etter fotograferinga, begynner eg å gå gjennom bryllupsbildene. Her plukkar eg ut eit utvalg bilder som de får sjå gjennom, via eit nettbassert bildegalleri. Dette er sjølvsagt passordbeskytta. Når de har sett gjennom og plukka ut dei bildene de vil ha, redigerer eg dei og gjer dei klar i full oppløysing utan vannmerke og logo på. Bildene får de til odel og eige. Bildene frå vielse og festen går eg gjennom sjølv og gjer ei lett redigering på dei som vert plukka ut og vert levert ilag med bryllupsbildene. Bildene får de levert digitalt på minnepenn.


Powered by SmugMug Log In