Info nye modellar - Vassbrekko Foto - Øyvind Sæbø

Kvifor TFP?

TFP står for Time For Print. Dette er ein avtale som vert brukt når fotograf og/eller modell treng bilder til egen markedsføring eller for å testa nytt utstyr, lyssetting eller andre ting. For meg er det mest for gøy, men og for at eg skal utvikla meg som fotograf og læra nye ting. I staden for at det vert tatt betalt for fotograferinga, so får både modell og fotograf tilgang til å bruka bildene til egen markedsføring. Dette vert då «betalinga» for den tida som vert brukt.

Kva type bilder?

Eg likar å ta det meste av bilder so lenge det er fokus på personar. Når eg tar bilder som eg sjølv likar, er dette bilder som krev litt meir jobbing og planlegging som for eksempel der brudekjolen heldt på å brenna opp på bildet øverst på sida.

Eg har nokre idéar på lignande bilder som eg har lyst å ta framover av ulike slag. Men desse heldt eg tett til brystet sidan eg har mista nokon av dei tidligare til andre fotografar og modellar.

Kva er neste steg?

No må me avtala tid og sted for ei fotografering der me tar litt enkle portrettbilder, pratar litt og vert litt kjendt. Me finn ut om me har ein kjemi og om me har lyst å ta det litt vidare enn «berre» vanlige portrett bilder. Dette er det ikkje alltid like enkelt å bestemma seg for på sjølve fotograferinga, for det kan vera greitt å få litt tid i etterkant til å tenka på opplevelsen 🙂

Facebook gruppe

Eg har og ei lukka gruppe på facebook ilag med ein anna hobbyfotograf. Her har me samla alle som er modell for oss sånn at me kan bruka denne gruppa til å legga ut informasjon om kommande fotograferingar. Då kan du sjølv slenga deg med på dei tidene som passar for deg, eller dei idéane som du vil vera med på.


Powered by SmugMug Log In