Info om TFP - Vassbrekko Foto - Øyvind Sæbø

Har du lyst å prøva deg som modell? Vera med å laga eit bilde som får folk til å stoppa opp å tenka? Det kan henda eg har ein ide som kan passa til deg!

TFP står for Time For Print. Det vil sei at det kostar ingen ting, og du får heller ikkje betalt. I mitt tilfelle får du ferdig redigerte bilder levert via nedlasting eller minnepenn. Litt om deg… – Du er minimum 18 år – Interessert i å jobba for å få til eit bilde – Du møter opp til avtalt tid – Du er ærlig. Er du nervøs, sei det! Ikkje avlys i siste liten – Disponera bil og kunne møta på avtalt plass på eigen hånd.

Om du ikkje har gjort dette før, er det ingen problem. Eg har alltid ein samtale og/eller ein enkel shoot med deg før me går laus på dei større prosjekta. Det kan og henda at du ikkje passar inn i mine planar, og då får du beskjed om det i løpet av denne samtalen. Du får og meir informasjon og ikkje minst litt opplæring i korleis gjera ulike positurar. Har du spørsmål er det viktig at du kjem med dei. Dei aller fleste shoot´ane er ute på location, men av og til går me i studio. Det kan ofte vera kaldt og vått så du må rekna med å frysa litt. Nakenhet, eller element av nakenhet, er eit tema som kan komma opp. Dette er som regel unntaket i bildene mine, men dersom dette skulle vera aktuelt, vert dette avtalt på førehand. Nakenhet er absolutt ikkje noko krav.



Generell info.

Dersom bildeidé eller tema tilseier det, har eg med meg make-up artist (MUA) og frisør som vil hjelpa deg med det. Då møter du usminka og tar med egen mascara. Ellers må du sminka deg sjølv, eller få nokon andre til å gjera det for deg. Ta sminka med deg.

Ta alltid med ekstra med varme klede. Husk fottøy. Sjølv om det er sol og 20 grader ute, kan det godt henda at det er kaldt i vatnet.

Du får som regel ikkje ha med deg nokon. For mange tilskuarar fører til at både eg og du kan mista fokus, og jobben vert tyngre. Dette skal uansett avtalast på førehand.

Veldig ofte er det berre antrekket og location som er planlagt. Korleis bildet vert ellers, er som regel ikkje planlagt. Ta gjerne med deg litt ekstra klede, og spesielt varme klede i tilfelle du vert kaldt. Høghelte sko, det gjer noko bra med holdninga di.

Eg vil bruka bildene i min portfolio. Denne har eg blant anna på mi nettside, facebook og andre bildesider eg er medlem. Dersom du ikkje vil ha bildene dine på nett, treng du heller ikkje ta kontakt.

Mesteparten av fotograferinga skjer på kveldstid og helg. Me skriv alltid ein kontrakt. Denne kontrakten regulerer rettigheter og bruk av bildene. Denne vil du få tilsendt før shoot og me skriv under den før me set i gang med fotograferinga.


Eg har ein draum om at eg ein dag skal ha mi eiga utstilling. Kva tema det er, veit eg ikkje enda… Det er ein av dei tinga som må bli til mens me går.

Dersom du synest dette hørest interessant ut kan du ta kontakt med meg og senda inn svar på spørsmåla under her. Eg vil og ha to bilder av deg. Eit i heilfigur og eit portrett.

1. Ditt navn, adresse og alder.

2. E-post og mobilnummer

3. Skriv litt om deg sjølv. Kva interesser/hobbyar har du?

4. Du er inforstått med at dette er bilder som vil havna på internett. Bekreft dette med OK når du tar kontakt.

5. Dersom du har nokre idèar eller forslag til bilder, skriv gjerne litt om det her.

6. Send med 2 bilder av deg. Eit i heilfigur og eit portrett. Selfi´s fungerer heilt supert.


Send ein e-post med desse punkta frå 1-6 og ta med ev anna relevant info. oyvind(at)vassbrekkofoto.no eller bruk kontakt meg som du finn i menyen.

Powered by SmugMug Log In