Om meg - Vassbrekko Foto - Øyvind Sæbø

Øyvind Sæbø er 1980 modell og oppvaksen på Myksvoll ut forbi Seim i Lindås kommune. Han bur idag på Myking ilag med Marit der Marit har to gutar på 13 og 19 år, og Øyvind har ei jenta på 12 som han er helgepappa for.

Øyvind begynte å ta bilder då han var rundt 24 år... Då var det mest fotografering på ulike arrangement i 4H som både ansatt og frivillig. I slutten på 20 åra var Øyvind på eit lite kurs i studiofotografering og etter dette vart Øyvind interessert i portrettfotografering.

Det er alikevel berre ein hobby for Øyvind, men han tar det veldig seriøst og har ein liten draum om at han ein dag kanskje kan leva av fotograferinga.


Øyvind tar stort sett berre bilder av mennesker, men då og i mange ulike settingar. Øyvind har mest fokus på fotografering av personar frå konfirmantalderen og oppover. I tillegg til konfirmantar, tek han bilder av gravide, bryllup, boudoir, portrett og ein del egne prosjekt. Av og til dukkar det kanskje opp eit naturbilde, men dette er ikkje so ofta.

Øyvind gjer alltid sitt beste for at du som kunde skal få det du er ute etter. Det er derfor veldig viktig at du er tydelig når du tar kontakt for fotografering dersom du har spesielle ønsker.

fb_oyvind-9-Edit