Standard vilkår - Vassbrekko Foto - Øyvind Sæbø

1. Desse standardvilkår gjeld for oppdraget med mindre noko anna er skriftleg avtalt.

2. Eit første utvalg av bilder vert gjort av fotografen der kunde deretter får velga dei bildene som kunden sjølv ynskjer å bruka.

3. Bilder etter fotograferinga skal vera tilgjengelig for kunde innan ei veke etter at fotograferinga har funne stad. Vidare skal kunde gå gjennom og velga ut sine favorittar innan ei veke etter at desse er gjort tilgjengelig for kunde.

4. Bileta kan nyttast på den måte og det formål som er avtalt i kontrakten. All anna bruk krev tillatelse frå fotografen. Bileta kan ikkje selgast vidare til tredjepart, lånast ut eller lisensierast utan tillatelse frå fotografen.

5. Bileta kan ikkje endrast eller bearbeidast utan tillatelse frå fotografen.

6. Fotografen skal oppgis ved navn ved all offentleg bruk av bildene, jmf. Åndsverkslovens paragraf 43 A og paragraf 3. Ved manglande kreditering plikter kunde å betala erstatning til fotografen med kr 2500,- eks mva.

7. Ved bruk, endring eller bearbeiding av bileter utan tillatelse frå fotografen, pliktar kunde å betala ei erstatning tilsvaranda det økonomiske tapet for fotografen med eit påslag av 100%.

8. Kunden er ansvarleg for å innhenta tillatelse som er nødvendig for utførelse av arbeidet, herunder tillatelse til fotograferingsstad, samtykke får personar som skal fotograferast, samtykke frå personar som har rettigheter til gjenstander som skal fotograferast med meir.

9. Bestilte oppdrag fakturerast uansett om bildene vert nytta eller ikkje.

10. Innbetalt forskot vert ikkje tilbakebetalt dersom kunden avbestiller oppdraget.

11. Dersom kunde ikkje møter til avtalt tid for fotograferinga, eller avbestiller oppdraget seinast ein virkedag før avtalt fotografering, vert full pris fakturert i henhold til kontrakten med mindre noko anna er avtalt.

12. Evt. Tvister ang oppdraget skal forsøkast å løysast i alminnelighet. Dersom enighet ikkje kan oppnås, kan kvar av partane bringa saka inn for dei ordninære norske domstoler.


Oppdatert 22.08.18


Vassbrekko Foto oppfordrar deg og til å lesa gjennom personvernerklæringa.


Powered by SmugMug Log In