Tips - Vassbrekko Foto - Øyvind Sæbø

Før fotograferinga

Tenk gjennom kva bilder du vil ha. Kva klede skal du ha på deg? Skal alle på bildene vera likt kledd? Vil du ha med noko spesielt på bildene? Har du spesielle ynskjer kan me kanskje få det til. Hugs å informera om dette så tidlig som mogleg. Ynskjer du studiobilder? Utebilder? Dette er ting som er med på å hjelpa meg å ta dei bileta du vil ha.


Tips til antrekk

Det fins mange kule antrekk der ute… Store motiv, ruter, striper, mønster… Dette er med på å ta fokus vekk frå ansiktet og kan skapa eit litt urolig bilde. Mitt tips er å bruka einsfarga klede. Spesielt til barnefotografering synest eg det vert finast med klede utan motiv og mønster på. Eit alternativ ved familiefotografering kan for eks vera at alle har på seg ein knall farge på t-skjorta, eller gummistøvlar med sterke fargar, paraplyar eller andre ting som har betydning for deg og dine.


Fotograferinga

Når me møtest til fotografering, byrjar me å prata litt om kva bilder me skal ta. Har du tenkt gjennom kva bilder du ynskjer, så kjem me fortare fram til eit godt resultat. Når me tar bilder i studio, får me sjå bildene etter kvart på ein større skjerm. Då får eg gjera dei endringar som trengs under vegs, og du får ein god mulighet til å komma med tilbakemelding. Me brukar god tid og ikkje ver redd for å komma med egne ønsker og forslag under vegs. Fotografering varar vanlegvis ein times tid.


Etter fotograferinga

Når bildene er tatt, går eg gjennom og plukkar ut eit utvalg bilder som eg lastar opp på nett i eit passordbeskytta webgalleri. Så kan du sjå gjennom bildene heima i fred og ro. Du får tilsendt ein e-post med link og ei lita forklaring på framgangsmåte for å plukka ut dine bilder. Når du har valgt ut bilder, gjer du meg beskjed. Når eg har redigert bildene ferdig, lastar eg dei på nytt opp i webgalleriet sånn at du får sjå bildene ferdig redigert før du betalar fakturaen. Fakturaen kjem på e-post og må vera betalt før du får tilsendt link til nedlasting. Linken er aktiv i 14 dagar og du kan lasta den ned so mange gonger du vil innan denne tida. Eg leverer bildene digitalt via nedlasting, cd eller minnepenn. Eg leverer ikkje bilder på lerret, papir eller på anna måte. Ingen oppdrag er for små, så her er det berre å ta kontakt.


Powered by SmugMug Log In