Vera modell? - Vassbrekko Foto - Øyvind Sæbø

Fotografering, treng frivillige!

Eg treng fleire personar som har lyst å vera med framfor kamera. Dette er til TFP fotografering, testing av lyssetting og lignande. Eg vil ha med både kvinner og menn, og oppfordrar menn til å ta kontakt. Eg har og lyst å laga bilder der det er fleire personar med i bildet og ikkje berre enkle portrettbilder. Du må vera minimum 18 år, men ser gjerne at du er litt eldre. Ved første fotografering tar me litt enkle portrettbilder i studio eller ute dersom været er bra. Ta gjerne med deg ein venn/veninne, men gje meg beskjed om dette i forkant.

Om du syns at dette var gøy, går me vidare og planlegg meir fotografering ilag. Om du ikkje syns dette var noko, får du sjølvsagt med deg dei bildene du vil ha. Ta gjerne ein runde på sida mi her eller på facebook og sjå gjennom bilder som eg har tatt tidligare. Du finn meg ved å søka etter Vassbrekko Foto – Øyvind Sæbø eller trykka på linken her. Om du vil vera med som modell, eller berre har nokre spørsmål, kan du ta kontakt på e-post oyvind@vassbrekkofoto.no eller via facebook.


Dersom du har lyst å sjå fleire av mine bilder, så kan du trykka deg vidare på linken her. Då kjem du til min profil på 500px.com som er blant dei store bildedelingsidene på nett. Her er det varierte bilder som viser eit godt grunnlag for kva type bilder eg likar å ta.

Dersom det er noko du lurer på om nokon av bildene mine, er det berre å senda meg ei melding.